Handlaga Trandeimsølje oksidert med lauv. Denne er mest brukt i Telemark og Setesdal.
Diameter: 6,7 cm.
Sølja er kjend frå slutten av 1700-talet og vert brukt i øvre Telemark og deler av Setesdal. Sølja er antageleg opprinneleg utanlandsk men det er uvisst korleis ho hamna i Telemark.
Rikard Berge skreiv i boka Norsk Bondesylv at det var to gullsmedar i «Skottetoget», dei skotske leigetroppane som reiste gjennom Noreg på veg til Sverige under Kalmarkrigen 1611-1613. Det vart sagt at to av skottane slo seg ned i øvre Telemark og at ein av dei var gullsmed.
Kjelde: Store norske leksikon