verksted

Vi har vår verkstad i Setesdal der vi formgjev og lagar smykker. Verkstaden vår i Valle vart starta av ekteparet Grete Fossen og Ørnulf Hasla i 1982. Her har vi vore sidan, og er omringa av fantastisk natur, der mykje av inspirasjonen til smykka vert henta.Smykka våre er stilreine, med eit enkelt, nordisk uttrykk. Hasla har fleire kolleksjonar, vi tek også gjerne på oss spesialbestillingar etter kunden sitt ønskje. På verkstaden i Valle arbeider vi aktivt for å take vare på sølvsmedfaget, og vi har lærlingar som jobbar side om side med våre gullsmeder for å lære seg faget. Setesdal har lange handverkstradisjonar som vi ønskjer å utvikle og ta vare på for framtidige generasjonar.

Vi produserer mykje av våre moderne kolleksjonar hjå den Bangkokbaserte bedrifta Felicia. Vi er stolte av å
samarbeide med ei smykkebedrift av høg teknisk kvalitet, både når det gjeld handverkarar, maskinar og teknologi.
Norske Vibeke Lyssand Leirvag er leiar i Felicia. Ho har budd i Thailand i 26 år og er utdanna innan design og
smykkeproduksjon. Ho er president i det thai – norske handelskammeret.

Felicia styrer etter SA8000. Dette er ei forkorting for Social Accountability 8000, og det er ein internasjonal standard
for etiske retningsliner for bedrifter, med fokus på arbeidsforhalda til dei ansette. SA8000 tar utgangpunkt i ei rekke
ILO-konvensjonar, FNs menneskerettserklæring, FNs konvensjon om barns rettigheiter og FNs konvensjon
om å avskaffe diskriminering av kvinner. Dette inneber:
• Forbod mot barnearbeid
• Forbod mot tvangsarbeid
• Helse og sikkerheit til arbeidarane skal vere ivareteke
• Arbeidstidsbestemmingar
• Lik lønn for likt arbeid; forbod mot diskriminering
• Organisasjonsfridom og rett til felles forhandlingar
• Forbod mot fysisk avstraffing og mobbing
• Ei løn som dekker basisbehova

Frå verkstaden i Setesdal: