Viser 1–16 av 24 resultater

Som barn var Hasla sin designer kvar sommar i den norske skjergarden på sørlandet. Tallause skjell har funne vegen heim i lommer og posar. Ho har lenge hatt eit ynskje om å lage ein kolleksjon basert på skjell, men har leita etter det rette uttrykket og produksjonsmetode. Endeleg kan vi presentere vår tolking av skjellet. Ved å bevege oss bort frå den kjente forma, og inn i eit meir abstrahert univers, har vi gjeve kolleksjonen ein Haslasignatur. Skjell er ein 3D-printa kolleksjon. For å få det naturlege, tilfeldig organiske uttrykket, fekk vi hjelp av ein animatør til å teikne smykka, basert på designerens skisser. Resultatet er takttile, mjuke, stiliserte skjellformer som leier tankane mot undervassvesen, skjell og korallar. Ein annan stor forminspirasjon til smykka er Tribolittane. Ein tribolitt er eit utdøydd leddyr som var ei av dei første dyregruppene som levde i havet for 250 millionar år sidan