Viser 1–16 av 27 resultater

Grus er ein kolleksjon som kombinerer blanke og grove overflater.Kolleksjonen framhevar kontrastar, og det taktile i materialet. Inspirasjonen kjem frå element i naturen med svært ulik kvalitet. Rådiamantar og grus har danna grunnlaget for støypeformer. Når steinane vert støypt, og omdanna til sølv er det ikkje lenger mogleg å sjå kva som opprinneleg var diamantar, og kva som i utgangspunktet var grus. Gjennom denne prosessen får elementa lik verdi.