Du har ingen varer i handlekorga.

I 1982 starta Grete Fossen og Ørnulf Hasla verksemda si i heimen sin på Fossen, Helle i Setesdal. 

Produksjonen vaks ut av kjellarstoga, og i 1984 bygde vi verkstad med butikk i Valle. Der held vi framleis til. 

Bunadsylv har lange og sterke tradisjonar, og med utgangspunkt i desse tradisjonane lagar vi sylvet til mange av våre bunader.

Vakre smykke er også blitt til, inspirert av natur, kultur og tradisjon, samt våre frodige bunader. 

Den solide fagkunnskapen og kompetansen vi har tileigna oss, er vår styrke i vidare utvikling mot ei spanande framtid.

 

Hasla - vi fører tradisjonen inn i framtida.

Utvalgte produkter
Silverdip er slik at at du ikkje kan ha produkta for lenge i dippen. Bruk gjerne svamp til å fjerne oksyderingen med. Viktig å skylle i lunka vann og tørke gjenstanden med ein mjuk og tørr klut etterpå. Sjå vår informasjon om vedlikehald på nettsida.
135 NOK